top of page

Den fyrste salgbare sorten, klar til hausting i midten av juli. Dette er den tidlegsorten det er planta mest i av i Lærdal dei siste par åra.

Belise.jpg

 Belise  

Ein god sort med lange tradisjonar i Noreg. Opprinneleg ein italiensk sort med faste, mellomstore frukter og ein søt og god smak. Dette er ei god morelle, som kan ha ein realtivt lang salgssesong. Moden i midten av juli.

Giorgia.JPG

 Giorgia  

Lapins er ei kryssing av Van og Stella som kom til på byrjinga av syttitalet. Fruktene er medels store og har mykje fruktkjøt. Sorten har ein søt og god smak og held seg godt. Diverre sprekk sorten lett i regn. Sorten er god til hermetisering og baking. Moden i midten av august.

Lapins.jpg

 Lapins  

Litt seine, relativt mørke moreller. Moden i fyrste halvdel av august.

Penny.jpg

 Penny  

Relativt tidleg sort, moden i siste halvdel av juli.

Poisdel.jpg

 Poisdel  

Sweetheart er ein sort som vart utvikla i Canada på midten av syttitalet. Fruktene er mellomstore og søte med ein litt bitter undertone. Fruktene sprekk lett i regn. Moden siste halvdel av august.

Sweetheart.jpg

 Sweetheart  

Store frukter med svært god og søt morellesmak og tiltalande utsjånad. Ein tsjekkisk vidareutvikling av sorten Van som såg dagens lys på byrjinga av 90-talet.

Techlovan.jpg

 Techlovan  

Halvstore frukter med mykje fruktkjøt og ein svært søt og god smak. Fruktene er harde og sprø og har ein særs tiltalande utsjånad. Moden siste halvdel av juli.

Van.jpg

 Van  

Kan bli veldig mørk og søt om den får henge lenge nok på trea. Moden i siste halvdel av juli.

Vanda.jpg

 Vanda  

bottom of page